torsdag 17. april 2014

Tur til Jomfruland


I Kragerø er det koselege handlegater med mange småbutikkar.

På ferja ut til Jomfruland.

Vi var ikkje dei einaste som var på tur til Jomfruland denne tysdagen i påskeferien.
Vi gjekk på land på stoppestaden Tårn

 Utanfor den gamle skulen var ein fin plass å ete nistematen. I bakgrunnen kan vi skimte dei to tårna. Det gamle og det nye fyret.

Her hadde Thorvald Kittelsen vore og blitt inspirert.
Ei tavle ved vegen fortalde om han.

Vi ventar på ferja tilbake i 16-tida.

I skogen var kvitveisen overalt. Der var og mykje  blåveis.

I det nye fyret er det museum. Men det var ikkje ope endå .

Fleire gamle tre som sikkert har inspirert Kittelsen.


Vi gjekk Utsidevegen og kom til rullesteinstranda. Vi såg tydeleg raet som går her over Jomfruland.

Ingen kommentarer: