mandag 27. mai 2013

Maitur til Sunnmøre


Vi køyrde sundag over fjella. Tok ei rute lenger vest enn der flaumen herjar.
Lågendalen og Numedalen til Geilo.
Og så ein veg vi kanskje ikkje har fare før: Aurlandsdalen ned til Aurland og den lange tunnelen til Lærdal.
Mykje vatn såg vi langs vegen der og.
Kongsbergelva var ganske stor.

Veret var fint med sol og snø på toppane.

Det var mykje opp og ned.
Flott utsyn ned mot Aurland.

 Bøyabreen har visst minka litt.

Vi hadde koseleg "rast" i Honndalen
hos fetter Knut og Magnhild.
Morosamt var det at Magnhild også  hadde fått iPad, same sort som eg. Vi hjelptest åt å finne ut av bruken. Vi lærte oss å ta bilete og sende dei på e-post.
Vi fekk overnatte der og etter fin frukost, reiste vi vidare til Leikong.

Så var det oppleving å køyre Kvivsvegen for første gong. Skikkeleg fine tunnelar!
Men det gjenstår mykje arbeid endå utover til Volda.

På hytta var det sommar. Fint ver, 21 gr.
Graset var langt, og Hans sette i gong med klipping. Eg har reinska ugras i bedda.
Rhododendronen ved trappa har klart seg fint. Og rabarbraen kan vi hauste før vi reiser om ei veke.
Problemet med vasslekasjen var ikkje så stort. Reparasjonen kan vente til Tore kjem på torsdag.
Vi har vatn i hytta som vanleg.

2 kommentarer:

Besta sa...

Viss de er på Sunnmøre no, så er de i alle fall heldige med veret. Kan opplyse om at vi har køyrt den lange tunnelen i Lærdal to gonger.Det er ei oppleving, men vegen frå Aurland til Geilo, den er eg ikkje så begeistra for. Vi plar køyre Hemsedal når vi reiser til Kongsberg.

Bjørg sa...

Vi er på Sunnmøre denne veka. I dag har vi besøkt Frode Urke i Grepalia
og ete middag. Og sett på gamlehuset vårt. Angrar ikkje.
Er samd i at vegen over Hemsedal er den beste leia.
Vi skal til Lepsøya og. Så det blir vel kanskje Valdresflya tilbake.