torsdag 30. mai 2013

Besøk hos Bergljot


I dag har eg besøkt Bergljot på Larsnes. Ho gjekk i klassen min på lærarskulen i Bergen og var ei av mine næraste veninner.
Ho har ein utruleg flott hage. No hadde ho vore i Bergen ei veke på festspela, og kom heim i går kveld. Ho såg mangt som må gjerast i hagen, men det var ikkje så godt å sjå for meg.
På tomta si har ho epletre, pæretre og plommetre.
Rips og solbærbusker er der og.
Jordbæråkeren såg fin ut.
 Bergljot køyrer eigen bil når ho er i Bergen. Ho viste meg den nye sykkelen som ho hadde kjøpt for nokre dagar sidan.

Ho har mange planer for oppussing av huset sitt.
Og reiser på tur til Island om eit par veker saman med ei kusine.
Neste år fyller ho 80 år!










Ho hadde laga gryterett til lunsj, og vi kosa oss
på verandaen i sola.
Tusen takk frå meg for eit koseleg besøk!

b


b

Ingen kommentarer: