søndag 17. juni 2012

Bursdag i Arendal


I dag har vi vore i Arendal på bursdagsbesøk. Asle fyller 48 år i morgon. Heile familien var til stades til middag og kaffi. Til middag fekk vi ein indisk rett som smakte veldig godt, og til kaffi var det marengskake og mykje gode bær. Kjekt å treffe alle, også kjærestane.





2 kommentarer:

Besta sa...

Eg ser at de har eit sosialt liv no når de har barn og barnebarn så nær. Sist onsdag var eg hos Ellen Johansen i lag med andre gamle "Velle-damer"-det var veldig koselig. Eg les alltid bloggen din om det ikkje blir så ofte eg skriv kommentarar.

Bjørg sa...

Ja, eg tenkte det var hos Ellen!