tirsdag 22. mai 2012

Planting i hagen

 I dag har vi vore på hagesenter og handla planter til hagen. Oppe på platået har eg planta ein brudespirea og bak den ein forsytia. Desse to står i bytet mot naboen. Så har eg planta  ein ripsbusk og ein stikkelsbærbusk og bakom desse to hageblåbærbusker.
Neste prosjekt vert å plante noko som dekkjer bakken nedafor bærhagen.

 På muren har eg planta potentilla, annakvar raud og kvit. Plenen ventar på å bli sådd. Vi vil gjere ferdig resten av området før vi sår.

                                           Trappa som vart beisa er komen på plass. Ho er god
                                           å gå i når ein skal opp på hagenivået.
Vi har hatt ein nydeleg sommardag i dag. Hans har kjøpt markise og sett den opp utafor stoveglasa.
Vi åt middag på verandaen, og det var godt med skugge.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg skriv ikkje ofte kommentarar, men følgjer nøye med på bloggen din. Gler meg til vi ein gong skal komme på besøk og sjå. I dag er det møte i pensjonistlaget, så vi får ikkje vere så mykje ute som vi har lyst til. Har vore på Kulturhuset og dekka bord m.m. og så er det møte klokka 16.00 Det blir berre ei lita stund i sola på altanen i dag.

Astrid sa...

Så fint det blir mormor :D

Bjørg sa...

Takk for kommentarar Besta og Astrid!