onsdag 2. mai 2012

Planting av hekk

I dag har vi vore på eit hagersenter og kjøpt 11 tujaplanter. Vi lurte på om dei måtte stå uplanta til vi kom tilbake frå Sunnmøre.
Eg sende SMS til Dag og spurde om han kunne komme og grave ei grøft på 6 meter. Det kunne han. Eg tenkte i grunnen å plante sjølv. Men vips så var alle 11 plantene i jorda og han vatna til slutt.
Kjekt med son og svigersøner. No fekk vi det gjort. Og naboen på andre sida av hekken vil passe vatninga.

Elles har eg laga fiskegrateng av siste fisken  frå Leikong som var i frysaren. Elin og jentene kom heimatt frå Sardinia i dag. Dei har hatt ei fin veke der. Hans henta dei på flyplassen klokka halv seks og så fekk dei middag her alle.

Ingen kommentarer: