lørdag 19. mai 2012

Arbeid på uteområdet

                           Eg beiser trappa, kastanjebrun. Så ho kan gå litt meir i eitt med terrenget.

 Asle kom 17.mai om kvelden. Han hjelper oss med uteområdet fredag og laurdag. Det er nødvendig med hjelp. Det er mykje tungt arbeid. Dag kom og ein tur om fredagen for å hjelpe Asle med høgdemålingar der det skal leggjast stein.
 Asle og Hans henta fleire lass med mold, sand og beleggingsstein.

                                              Grunnarbeidet er gjort og steinlegging begynt.

Til slutt i dag hadde Asle molda utover, og vi raka så godt vi kunne. No står att tromling og såing av plenen. Det var halve plenen som blei ferdig i dag. Vi gjorde og ferdig grunnarbeidet for beleggingssteinen mellom huset og garasjen, Ferdig til å ha på settesand. Asle vil komme att og hjelpe oss med det.
Det vart og mold bak muren, så der er det no klart for å plante. Eg må finne ut kva planter vi skal ha der. Dei må ikkje vere for høge.

3 kommentarer:

Gunn Edel sa...

Dere er velsigna med gode hjelpere. Så fint det blir. Og så må du Bjørg finne ut om du har plass til ei "praktbusk", den med gule blomster på. Den vil vi gjerne gi dere.

Annfrid sa...

Hei,i dag torsdag 24.mai er det ein kjempeflott sommardag i Ulsteinvik.Eg har ordna beda,og spada opp auriklane som har ein tendens til å kome opp av jorda.Per er oppe på taket og smør med benarolje.Han har vore der mest heile dagen,var der i går og.Han skal ha på 50 liter.Vert der i morgon og.Eg fekk tak i slike fine auriklar i Syvde i fjor ,men no er gartneriet ned lagt.Kjøpte blå fiolar der og.Dei står fine no.

Bjørg sa...

Vi har planta ein forsytia som får gule blomster tidleg om våren. Den kan godt vere frå dokke, om du vil.