lørdag 14. april 2012

Vi minnest mor Anna

I morgon, 15. april, er det 100 år sidan mor vår, Anna, vart fødd. Ho levde eit langt liv og opplevde store endringar. Ho døydde i august 2007, 95 år gamal.
I 1946 då dette familiebiletet vart teke, var vi tre sysken. Seinare kom det to til og vi vart fem.
Far og mor laga ein god heim i Myra, garden som far dyrka opp frå å vere ei myr med skog til eit småbruk med 5 kyr, sauer, gris, hest og høns, Vi hadde alt vi trong.

Med tida kom det 15 barnebarn og over 20 oldebarn. Her er familien til Kari på besøk i Steinhovden i 2005.
Dei er på tunet utafor gamlehuset der mor framleis budde.

Eit bilete av mor Anna i 1930. Ho gjekk på fjellet på stølen og mjølka. Dei gjekk opp om kvelden, mjølka, låg der om natta, mjølka om morgonen og gjekk ned att med mjølka.


28. juli 2007. I bryllaupet til barnebarn Bjarte og Camilla.

Mor Anna om våren i 2007 saman med den andre bestemora på Stranda.

Mange er dei tynnekakene mor har laga gjennom livet.
Her gjer ho klart til 95-årsdagen sin på Stranda hos Solrunn der ho budde dei siste fem åra.

3 kommentarer:

Besta sa...

Hei! Eg les alle innlegg på bloggen din, men det blir ikkje så ofte eg kommenterer. Det er kjekt å følgje med på kva de styrer med i den nye heimen, ser ut til at du har nok å styre med. Fint å sjå bilde av mor di, ei vakker dame også i eldre år. Du har litt å slekte på. Du må helse til Hans! Når vi blir ferdig med alt som står for døra av feiringar her kjem vi til å ta oss ein tur austover. Då kan det hende vi kjem og helsar på om det høver slik.

Bjørg sa...

De er hjarteleg velkomne på besøk. Vi blir her ein del i juni og det meste av juli.
Første to vekene av mai blir vi på Sunnmøre.

Annfrid sa...

Per og eg sit og les på bloggen din.Vi ser at du er særs lik mor di.Er samd med Besta at ho har vore ei vakker dame.Det spirer i hagen og det er vårleg ute. I dag kjenner vi gjødsellukt frå Flø til Ulsteinvik.I fleire dagar har eg jobba med bunaden min,han har alltid vore for sid,men no er alt i orden.