torsdag 19. april 2012

Bror Arne 70 år. GRATULERER!

Arne og Gunn kom til oss i går for å feire Arne sin 70-årsdag her.
Han skal ha selskapet sitt seinare i sommar og ynskte no å vere bortreist på dagen.
Han fekk mange telefonar frå slekt og bygdefolk.
Programmet for dagen var først kulturtime i Larvik kyrkje klokka 12.
Der fortalde prosten om kunsten i kyrkja. Dei er stolte av den gamle kyrkja frå 1600-talet.
Og fleire bilete som heng på veggane er like gamle.
Innimellom var det fin orgelmusikk.
Etterpå var vi i byen og fann oss ein kafe der vi åt pizza og salat.
Deretter var det SPA med masasje i Farris Bad for jubilanten og frua.
Dei skrytte etterpå at det hadde vore nydeleg.
I Rekkevikløkka hadde vi førebudd bløtekake og kveldsmat.
Elin og Dag var gjester. Johanne og Sunniva kom også innom.
Inga var på forballkamp i Sandefjord med ei veninne.
Så dagen var vellukka i fylgje jubilanten.


Ingen kommentarer: