fredag 27. april 2012

Arbeid med mur

Vi har hatt eit par dagar med dårleg ver. Det har regna heile dagane. I dag var det grått frå morgonen, men heldigvis så letta veret til Asle og Jakob kom frå Arendal. Då fekk vi begynne med muren bak huset. Asle grev grøft og Hans går til hånde. I morgon skal vi hente stein,
Eg ryddar vekk ugraset der eg vil plante eit par bærbusker. Vi har og ei skråning som må gjerast noko med.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ja, de blir no ikkje arbeidslause med det første, ser eg. Må no vere litt kjekt å starte på nytt etter fylte 70, men ein skulle vel ha ha vore så forutsjåande at ein gjorde det litt før.(No tenkjer eg på oss). Her lavar snøen ned i dag igjen, og vi har skifta til sommardekk for andre gong, så no blir det å vere heime til snøen smeltar på vegane. Skulle ha vore ein tur på butikk m.a.God helg!

Bjørg sa...

I dag har vi hatt ein fin utearbeidsdag, litt kald luft, men sol. Hans og Asle har jobba med fundament for muren bak huset. Eg har reinska for ugras og stein i skråninga. Vi hadde kyllingmiddag i 19-tida og Dag kom og åt i lag med oss. Alle fire damene hans er på Sicilia, til onsdag. Jakob og eg har vore på Europris og kjøpt laurdagsgodt.