mandag 17. oktober 2011

Småspeiderdagen i Bøkeskogen

Småspeidardagen, som i gamle dagar heitte Ulvungedagen,
vart halden sist laurdag i Kilen ved Farrisvatnet.
Småspeidarar frå heile Vestfold var samla.
Først ei fin opningsandakt.

Ein populær og spennande post var kanopadling på vatnet.


Her er patruljen til Inga der Mathias fekk vere med.

Kjekkaste postane var kanopadling og posten med øks, sag og kniv, syntest Inga.
Elles var det livline, stylter, knutar, tårnbygging, pil og boge og fleire .
Vi hadde nistemat med, og sola skein heile dagen.

Mathias fekk og til å hogge ved.

1 kommentar:

Besta sa...

Det er utrulig kjekt når veret er slik at ein kan vere ute med hygge. Trur de gjorde rett i å flytte mot sør. Mykje kjekt å vere med på i lag med barnebarna også, ser eg.