fredag 21. oktober 2011

Ny snøfresar

Hans er no budd til vinteren. Det var tilbod på snøfresarar.
Hans er veldig fornøgd med garasjen. Der kosar han seg og ryddar.
Siste nettene har det vore frost. Minus 2 gr i dag tidleg. Naboane skraper is
før dei fer på jobb. Vi ventar til det tiner.

I går kveld var vi inviterte av Inga til open dag på skulen. Dei hadde laga til
mykje både underhaldning og mat. Alt kosta pengar. Dei skulle gå til eit prosjekt
i Kenya. Dei lærer no om Afrika.
På biletet ser vi ein blid tiger i jungelløypa, ein tunnel.

1 kommentar:

Besta sa...

Vi har kjøpt snøfresar i lag med to naboar. Vi har aldri hatt snøfresar før. Men no reknar eg med det blir ein snøfattig vinter-etter all nedbøren vi har hatt hittil i år. Nils held seg også mykje i garasjen, det er helst fiskeutstyret han "ryddar" i.