lørdag 8. oktober 2011

Huset blir måla og besøk frå Sola

No blei veret så bra at målaren kunne gjere jobben.
Sørveggen er ganske stor, så godt å sleppe å klatre der.

I dag klokka halv ti henta vi Helene og Mathias frå Sola på Torp flyplass.
Reisa hadde gått fint.

Så vart det ny tur for å vise fram Larvik.
Vi spaserer på strandpromenaden og besøkjer Dag som jobbar i Maribell.
No i helga ligg det er sivbåt ved Fritsø Brygge.
Det er Heyerdahlfamilien som har hatt feiring av bursdagar.
To monument har vorte avduka i byen.

Vi sit på trappa ved Fritsø Brygge som er eit leilegheitsbygg her.
Bakom viser Bølgen kulturhus.


Laurdagsgodt må kjøpast inn.

Mathias fann turnapparat fleire stader. Og mange fine steinar å balansere på.


Om kvelden laga vi pizza. Då inviterte vi Dag.
Ut på kvelden kom Elin, Sunniva, Johanne og Inga tilbake
frå Gøteborg der dei hadde vore på tur i tre dagar.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Tenk at de kan spasere i sola, og endåtil måle huset! Her var det sol igår, men no er det "back to normal", regn, regn, regn.. Og nysnø langt ned i liene..

Torbjørg sa...

Meinte no ikkje å vere anonym, det er Torbjørg!