fredag 19. august 2011

Vi kjenner oss heime.

Oppkøyrsla til oss og til naboen.
Vi har no fått søppelspann og postkasse.
Med tida skal det bli asfalt og steinsetting, og litt gras.
Og eit lite blomsterbedd.

Den polske snikkaren set inn dør på sida av garasjen.
Dei er flinke desse karane.



På baksida av huset. Naboen har trilla ut ferdigplen.
Han har alt klipt fleire gonger. Vi ventar på endeleg oppmåling,
så vi kan vite kva vi eig.

Skap frå Ikea på soverommet. Asle hjelpte oss å kjøpe og montere.

Sofaen som vi hadde i Ørsta gjekk bra inn.

Souvenirane har fått eit skap åleine. Inga likar musikkinstrumenta.

Og ny ampe over kjøkkenbordet, det same bordet som vi hadde i Ørsta.

På loftstova er sofaen frå biblioteket i Ørsta pluss stolen og skjenken.
Av nye møblar har vi stort sett kjøpt berre skap.


Hans har og fått med seg datakroken sin.
Så kan han lage fleire DVDar.
Eg har og min krok med skrivebord.

Utsikt frå verandaen i andre etasjen. Der er usjenert å sole seg.
Om kveldane er det ofte ein heilt nydeleg kveldshimmel her mot vest.



2 kommentarer:

Besta sa...

Veldig kjekt å sjå korleis de har fått det, med litt nytt og litt gammalt.Trur sikkert de kjem til å trivast. Hadde faktisk tenkt å stikke nedom mens vi var i Kongsberg,men det vart ikkje denne gongen.Sikkert godt å ikkje ha så mykje hage, sidan de har hage på hytta også.

Gunn Edel sa...

Vi må jo bare komme å besøke dere i haust.