mandag 22. august 2011

Haustarbeid på hytta

Eg har teke opp potetene i miniåkeren i dag. Det var litt tidleg, men det er no vi er her.
Idag hadde vi av dei til middag, og dei var skikkeleg gode.
Ned att i miniåkeren har eg sett hortensiaen som Kari og Tore fekk med gjestane sine i sommar.
Og så har eg planta keisarkrunene som har stått attmed huset i Ørsta.
Eg fekk dei med klassa mi då eg slutta. Syntest det var ei fin gåve å få med elevane. Dei har blomstra attmed huset i Ørsta i mange år.
Håper dei vil blomstre igjen her på hytta..



2 kommentarer:

Besta sa...

Fint med eigne ny-poteter ! Vi kjøpte med oss ein liten sekk mandelpoteter i Skjåk i det vi for forbi. Men dei var både små og dyre enno.

Kari sa...

Så fint det vart med hortensiaen og keisarkrunene i "potetåkeren". Ser at hortensiaen blomstrar enno.