onsdag 20. april 2011

Plenen vår i Ørsta

I 1972 bygde vi huset vårt i Ørsta.
Far min, Anders Steinhovden, sådde plenen i 1973. Det var han godt kvalifisert for;
han hadde sådd ein heil gard.
Her rakar Oda som er oldebarnet hans, den siste våren vi eig dette huset.
Det er mykje mose. Hans likar mose. Då blir det ikkje så mykje gras å slå, seier han.
Men det er ganske vanskeleg å rake, seier Oda.

Vi har teke den første vårpussen i hagen. No gror det fort, så det var på høg tid
å få vekk dei visne greinene.
Asle hjelper Hans med dekka, skifter, vaskar og stablar.
Godt å få hjelp!


3 kommentarer:

Besta sa...

Korleis går det med flyttinga? Er de i rute?

Bjørg sa...

Ja, vi er vel det. Men kan ikkje flytte så mykje før vi har hatt visning. Det blir truleg i slutten av mai. Så no pakkar vi det vi ikkje treng... Vi hadde med 20 flyttekassar på hengaren no før påske. Dei vart sett inn i dukkehuset til Inga. Det var ikkje nokon ferdig plass i nyehuset. Der var fullt av arbeidsfolk og materialar. Så når garasjen der vert klar, kan vi flytte meir.

Annfrid sa...

Vi og styrer i hagen.Det er mykje mose i plenen vår og.Per har felt mange bjørk,selje og hegg og lagar ved.Dette føregår på Jøsok.Så tørkar han torsk i hagen som skal bli klippfisk.Eg hjelper til med barnebarna,fint å hente dei i Jazzen.I morgon er alle samla igjen og då skal alle få potetball til middag.