onsdag 27. april 2011

Treff med gamle kollegaer

I dag har eg vore på treff med fleire av dei gamle kollegaene frå Velle skule. Det var veldig hyggjeleg! Dei fleste er pensjonistar, men ikkje alle. Vi var 8 damer og møttest på ein kafe. Det er moderne no. Somme har flytta frå huset sitt og i leilegheit.
Eg tok bilete med mobilen, og då har eg problem med å få dei ut derifrå.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg er veldig lei for at eg ikkje kunne vere med i dag. Men i Pensjonistlaget førebur vi 40-årsjubileet som skal vere 3.mai. Det er ein del å gjere.Då kan de gjerne kome viss de vil,de møter sikkert kjentfolk på Kulturhuset den dagen. (Det er lov å kome for dei som ikkje er medlemmer også.)