søndag 27. februar 2011

Vinterferie i Larvik

Sunniva bakar skulebollar. Ho er flink på kjøkkenet.
Ho og Johanne var to dagar på ridekurs. Inga var på skileik på same staden.
Seinare i veka tok pappaen jentene med på overnatting i gapahuk
langt inne i skogen. Dei gjekk på ski dit.
Dei hadde endå til med vaffelrøre og steikte vaflar ved gapahuken. 10 minusgrader.
Det gjekk bra. Dei fraus ikkje, sa Inga.

Vinterferien vart elles brukt til oppussing av stova.
Elin har og masteroppgåve ho jobbar med innimellom.
Her har ho pause i målarjobben.
Og Dag har snekra den hylla. Dei er flinke!

Ingen kommentarer: