søndag 27. februar 2011

Husbygginga skrir fram.

Vi kom for å sjå etter kor det går med husbygginga.
Det har skjedd mykje sidan sist vi var der.
Her kjem trappa opp til andre etasjen.
Hans står i gjesterommet. Vårt soverom inn til høgre for han.

I stova nede.
Det er varme på inne. Dei polske snikkarane jobbar godt.
Vi snakkar litt engelsk med somme av dei. Kjekke karar.
Vi planla kva vi skal ha med av inventar.
Det er ikkje alt vi får plass til, men det viktigaste.

Først eit lag med isolasjon. Så ein slags duk som visstnok pustar.
Denne grinda skal opp på vindaugsveggen i stova, og så nytt lag med isolasjon i den.
På mørkeloftet sette dei opp eit stort apparat: varmegjenvinning.

Ingen kommentarer: