søndag 13. juni 2010

Seifiske

Hans ringde i mobilen: Fisken bit forferdeleg. Eg klarer ikkje å slutte.
Eg: Kor mange har du fått? Hans: Omtrent 45. Eg: Slutt øyeblikkeleg!
Det gjorde han då.
Så no har vi i frysaren ein middag med seibiff nesten kvar veke i eit år.
Det blir nok fleire fisketurar kjenner eg han rett.

Her sit dei som ventar på sin del av fangsten.

Rhododendronane er no i sin finaste prakt.
I bakgrunnen den ferdige platningen der campingvogna skal stå.

1 kommentar:

Besta sa...

Nils har vore ute og fiska i dag, fekk berre ein sei og litt makrell, men vi har hatt ein makrellmiddag før i år. Sist han var ute fekk han både sei,lyr,brosme etc., men då sette han liner.Han sløyer og fileterer fisken, og mel den på handkvern når vi skal lage fiskemat, så det er ikkje mykje eg treng å gjere.Heldigvis. Vi et i alle fall mykje fisk!!!!!Fint på hytta dokka no!!Det bildet med måsane og båten var så fint!