fredag 25. juni 2010

Jonsokafta 2010

Kveldsmat i Farkvamen.
Vi fekk besøk av vener frå Tyskland, Harry og dottera Stefanie.
Harry sykla heile vegen. Han har drøymt om det lenge og planlagt vel.
Stefanie kom med bil, så dei køyrer saman tilbake.

Jonsokafta på hytta.
Grillspidd med kylling- og hjortekjøtt.
Litt spennande å lage, for eg har ikkje prøvd dette før. Men det gjekk bra.


Torbjørg og Leif som også er vertsfolk for dei to tyske,
var og saman med oss.

Om kvelden var vi i Kjeldsund og såg på bålet.
Der var mykje folk samla. Rømmegraut, lapskaus, kaffi og kaker å kjøpe.
Ungdomsgjengen hadde laga eit flott bål.

Stefanie som hadde skada føtene sine, sat på ein stol og såg på bålet.

2 kommentarer:

Stefanie sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Annfrid sa...

Hei,Per og eg var også i Kjellsund og åt rjomegraut.Etterpå kjøpte vi mor i ein kiosk i Ulsteinvik som vi åt på verandaen i strålande solskin.Så den dagen vart det mykje mat.Elles har vi jobba i hagen.No er eg pensjonist!