onsdag 21. oktober 2009

Haustarbeid i hagen

Det var mykje plommer i år. Neste år blir det mindre.
Vi har skore godt ned plommetrea.
Hans har kutta toppane med motorsaga,
og mange mosegrodde greiner er no vekk.

Det var ein nydeleg dag til å arbeide i hagen.
Eg har fått lov av Sæbjørn til å plukke eit plastnett
med blitva til Dulka.

Hans har køyrt eit stort lass til miljøstasjonen, og
på vogna har vi fullt lass til ein ny tur dit.
Den gamle syrenen er vekk. Får sjå no om dei nye plantene
vil gje nye blomster til våren.

Posted by Picasa

1 kommentar:

Besta sa...

Vi har mykje att å gjere i hagen enno, så vi håper at veret held.Det gjekk mykje tid til å demontere den store bjørka, så vi har ikkje fått begynt på plommetrea enno. Dessverre er eg ikkje til så mykje hjelp med arbeidet, så det blir mest administrering eg tek meg av.