onsdag 23. september 2009

Fisk i folie

Eg lærte ein ny fiskerett av Anne i Arendal.
Fiskefiletane frå Leikong vart tillaga i folie i lag med
poteter og grønsaker.
Det vart både sunt og godt.


Litt olje på folien,
så ein porsjon fiskestykke,
krydder og salt,
poteter i bitar,
gulrøter, purre, blomkål, sqash, paprika, broccoli.
Steikjast i omnen på 200 gr. i 40 min.

Brennvarme pakkar. Må opnast forsiktig.
God middag!

Posted by Picasa

2 kommentarer:

Besta sa...

Dette har eg aldri prøvd, men det såg godt ut. Kjekt å prøve noko nytt. Med oss blir det til at vi lagar til fisken etter gammal vane. Men vi et MYKJE fisk. No skal vi ta med oss alt vi har i frysaren til KOngsberg, så får vi håpe på fiskever når vi kjem heim. Vi reiser fredags morgonen.

solveig sa...

Det er ein god og populær måte å lage til fisk på. Vil ein spare folie, kan ein legge grønsakene i botnen av ei glasform og fisken oppå. Ha på salt og pepar og høvle litt meierismør oppå som renn gjennom fisken. Folie over forma. Dette lærte eg av ein kokk vi hadde besøk av på skulekjøkent ein gong vi hadde fiskeprosjekt.