torsdag 18. august 2016

Slektstreff i Steinhovden. Sjøavegen. Start nederst i innlegga.

Vi gjekk ned den nye sjøavegn nedover og den gamle som far bygde oppatt.
Bratt er både den nye og den gamle.
Far kom heim frå Amerika i 1929 om hausten etter 7 år i amerika.  Han fekk kjøpe eit utmarkstykke med ei myr med furuskog på av bror sin, Abraham. Der dyrka han opp ein gard på 30-talet. 
Sjøavegen trong han. Det var tilkomsten frå utomverda. Han tok material og sement i land og køyrde det opp med hest.




 Bror Arne hadde rydda i moraset så vi kunne sjå vegen som far hadde murt opp i bratta. det var tungt for hesten. Han måtte kvile mange gonger på veg opp.
Her nede ved sjøen stod naustet, Det har stått der til for nokre få år sidan. Her var verhardt og far bygde fleire bryggjer som stormen tok. Til slutt har stormane rydda heilt opp. Det er ingen ting att av naustet.
Vi gjekk opp den gamle sjøavegen.

Ingen kommentarer: