søndag 6. mars 2016

Bursdagsfeiring for Elin og Dag.

I går feira vi at Elin har vorte 47 år og Dag blir snart 52. Vi hadde vok - middag. Ikkje så vanleg mat hos oss, men med felles innsats av Hans og meg, fekk vi det til og fekk skryt av maten.
Eg hadde laga bløtkake slik eg brukar. Dag sin bursdag blir på palmesøndag. Då er dei i Portugal og besøker Sunniva. Så vi måtte feire begge dagar no.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Blautkaka ser flott ut.I går var Per og eg til Vartdal og kjøpte torsk.Så drakk vi kaffi på Amfi i Ørsta.Vi held oss til gamaldags mat,og barnebarna synest at alt er så godt.Det har vore enormt med snø i Ørsta denne vinteren,der var store snøbredar i sentrum.Vi har mykje snø i hagen endå.Eg er så lei denne snøen.