lørdag 20. februar 2016

Vinterferie


Vi er i Arendal for å hjelpe til med huset Asle har kjøpt for å pusse opp.
Han skal ha fire hybler der, to bad og stort felleskjøkken.
Asle har lenge drøymt om å vere husvert.

Jakob og Jonas laga taco middag.
I dag har Hans og eg vore medhjelparar i huset. Eg har rydda og støvsuga.
Hans har vore handlangar til Asle som har lagt golv i to soverom.

3 kommentarer:

Besta sa...

Skal han leige ut heile huset, eller skal han bu der sjølv også. Kjekt når ein kan vere til hjelp om ein dreg på åra. Asle er så lik Hans at det er ikkje til å tru. Hels til Hans-eg skal helse frå Nils.

Bjørg sa...

Hans helsar, til Nils og. Asle har kjøpt eit eldre hus i Grimstad. Han innreier fire hybler, to i andre etasjen, og nede deler han stova i to. Og lagar eit stort fint kjøken og to bad. Huset ligg nær sentrum og blir greitt for elevar. No leiger han ut bustaden nede i huset sitt her i Nedenes på Airbnb. No på tysdag skal her komme ein kinesar.
Elles er han lærar i første klasse . Vart sist vår ferdig med 7. som han har hatt frå første. Likar det godt, men er litt lei og har lyst å gjere noko anna. Så kanskje går han over til berre å vere husvert, seier han. Han har arbeidsfolk , elektriker, rørlegger og arbeider ein del sjølv. Satsar på å få det ferdig til sommaren.

Annfrid sa...

Hei, det var litt kjekt at du bloggar att.Eg er ofte innom Encantada,men det har vore lite lenge.Det er kjekt å sjå kva dykk styrer med.Eg har fått mykje hjelp på kjøkkenet etter at Per no berre arbeider heime.Vi har aldri laga Lasagne,kanskje han må spesialiser seg på den retten.Elles lagar vi mykje brød,barnebarna seier dei er så gode.Det har vore mykje snø å rydde bort denne vinteren,ettes hjelper han leigebuaren med litt trening i orden.Eg har hjelpt til i 4.kl til Linnea med strikking.Dei skal strikke ein enkel påskekylling som skal også tovast.Læraren må ha hjelp så eg har sagt eg kan hjelpe til 1 time kvar fredag i seks veker.Dokke får ha lukke til med huset som skal opp pussast.Dagny og Oddmund har akkurat flytta i leiligheit.Vi vert verande i huset vårt,og er glade for at vi er to som hjelper kvarandre og andre som treng litt hjelp.