onsdag 28. oktober 2015

Hekledukar frå Dulka


Dulka har vore i Bar på sommarferie i 2 månader
i sommar.
Ho hadde ein varm sommar, opp i 40 grader. Men fekk gjort mykje handarbeid likevel.
Desse serviettane har ei veninne der laga. Det vart gåve til meg.
Dei større dukane betalar eg for til Dulka.
Eg har jo ikkje bruk for dei, men samlar no når eg har Dulka. Til barnebarn kanskje.
Noko går også til basaren.





Vi hadde eit koseleg besøk hos Dulka. Ho hadde besøk av barnebarnet.
Ho laga god suppe og pai på bosnisk vis til oss.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Hei,eg har hatt fleire elevar frå Bosnia og Serbia.Eg fekk ein stor,kvit hekla duk av ei bosnisk jente då ho flytta frå Ulsteinvik.Det var mormor hennar som hadde hekla duken.Det var fine dukar både dine og min sin.