tirsdag 25. august 2015

Tur til Andebu


Det var sol og varmt ver, så vi burde ha vore på badestranda. Men det har vi vore mykje i det siste.

Vi køyrde då ein tur oppover langs Lågen.
Kom til Andebu. Det er ei namn som vekkjer minne. For der er Hjemmet for døve. No heiter det Signo. Eg  minnest at då eg var barn rett etter krigen hjelpte eg bestemor Susanne med å samle inn pengar til Hjemmet for døve i Andebu. Eg gjekk rundt i bygda med eit kort med prikkar på. For kvar ti-øring folk ga, stakk eg eit hol i ein prikk. Hans seier det var den tids data.


På området til Signo står ein stor larvikittstein.
Der såg vi og dei største solsikkene eg har sett.
Der var mange slike kassar med grønsaker og blomster.
Grillplass og ei stor grillhytte.
I nærleiken av Andebu er Vestfold si einaste stavkyrkje, Høyjord kirke.

Den var ikkje open.  Ein kan bestille omvisning, står det på oppslaget. Ein flokk unge damer dreiv og tok bilete framfor kyrkja. Då dei såg oss, fekk dei Hans til å ta biletet.
Plutseleg peika ei av dei på lua hans. Det stod det New Zealand. Då var fleire av dei frå NZ. Dei arbeidde saman i Danmark og var frå fleire land. Ei var norsk.



Vi får komme att ein annan gong her.
Skulle vore interessant å sjå inn i kyrkja.

Ingen kommentarer: