lørdag 27. september 2014

I Aleksander den stores fotspor

Vi var i mange moskear i Istanbul og Edirne.


Ved moskeen var det ofte fin park, rom for skule, bibliotek m.m.
Vi fekk sjå og høyre om mange utgravningar i Hellas og Makedonina.
Stobi har vore ein by som vart øydelagd av jordskjelv.
Vi kunne sjå at der hadde vore flott ein gong.


Store åkrar med tobakksplanter i Makedonia.
Dei blomstra med kvite blomster.
Vi såg og kor dei turka blada. Dei hang på snorer med plastduk over.
Hyggjeleg lunsj i Bitola i Makedonina.
Den dyktige gaiden vår, Elisabeth, var dansk. Her fremst til høgre,









 Byen Ohrid i  Makedonia er ein nydeleg by.
Han ligg vakkert til ved Oridsjøen. Fint sentrum med marmor gategolv i mange fine fargar.
Ohrid er perlebyen. Utruleg mange smykkebutikkar.
Eg kjøpte meg eit perlemorsmykke.
I Berat i Albania gjekk vi på steinsette gater opp til eit ikonmuseum. Mykje souvenirbutikkar langs vegen.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg følgjer med dykk på turen. Sikkert veldig interessant-særleg om ein har flinke gaidar med. Vi har dessverre ikkje helse til slike aktive turar, men kosar oss på turar i nærmiljøet. Ønskjer dykk god tur vidare.