søndag 3. mars 2013

Sundagstur og bursdag.

I dag har vi gått langs Indre havn i Iarvik.
I kulturhuset Bølgen var det mykje folk, ungdomar og ein del vaksne. Det var visst noko med Ungdommens kulturmønstring.
Der er endå mykje is der vi går, men det minkar!
For ei veke sidan låg det isklumpar i hamna der svanene låg og sumde. No var isen borte.
Svanene og.







Elin har bursdag i dag.
Vi var samla til kaffiselskap.
Johanne og Sunniva kom inn med sjølvlaga kake med lys og fyrverkeri på. Og bursdagssong.
Diverre har Inga feber og har lege på sofaen i går og i dag. Ho er litt betre i dag.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Hei, du må helse Elin frå meg og Per.I dag er det vårleg i Ulsteinvik.Eg er på datakurs,Per er heime og passar Emil Olav måtte køyre han ein tur i bilen for å få han til å sove.