søndag 24. mars 2013

India


India er eit stort land. Utruleg mange menneske og store forskjellar.
Vi budde på flotte hotell. Dette er i Delhi.
Reiseselskapet var Albatros, og reisefylgjet talde 31 personar, dei fleste opp i åra.

Vi hadde ein flink norsk gaid. Han var fødd i Stryn.
I India hadde vi i tillegg ein indisk gaid som var svært kunnskapsrik og hadde eit behageleg vesen.
Vi hadde same bussen heile tida, og bussjåføren imponerte. I tillegg hadde vi ein smilande hjelpemann
på bussen. Han forsynte oss med vatn og hjelpte oss    av og på bussen.


Her budde vi idyllisk i ein hage ute på landet. Vi var på safari og såg etter tiger. Og jammen var vi heldige og fekk sjå både tiger, leopard, hjortedyr i massevis, aper, mange påfuglar og andre fine fuglar m.m.

Hindutempel.
Vi fekk ikkje fotografere inne. Tok av oss skoa.
Som vi har høyrt, gjekk kyrne i gatene i Delhi og andre byar. Dei gjev mjølk og gjødselen blir brukt til brensel.
Opp til Amber Fort som ligg utafor Jaipur, sat vi på elefantryggen.
Høgdepunktet på turen var å sjå Taj Mahal.
Vi vart gjortkjende med historia bak av gaidane.
Kvelden før såg vi eit teaterstykke som fortalde historia om yndlingskona til stormogulen som døde då ho skulle føde det fjortande barnet hans. Sorga var stor, og han bygde det flotte gravmausoleet i kvit marmor. Det er det flottaste bygg eg har sett! Og større enn eg hadde tenkt meg.
Der var fullt av folk. Inderane valfartar dit.
Inne i mausoleet var to sarkofagar inne i ei innhegning. Der var ikkje lov å fotografere, og vi måtte ha trekk utapå skoa,

2 kommentarer:

Annfrid sa...

Hei,sjekka bloggen din kvar dag,og ikkje noko nytt etter 8. mars.Då trudde eg at ein av dykk var alvorleg sjuk.Så det vart kjekt å sjå at de har vore på ein kjekk tur til India.
Vi ventar no på Bjørge,Tonje og Camilla.Det har vore ein strålande dag og eg og Per har til og men sola oss i solkråa vår.

Johanne sa...

Ynskjer dykk ei God Påske!