lørdag 2. februar 2013

Utflukter



Vi hadde tur til Norskeplassen. Mykje folk på veg opp og ned.  Dei fleste norske.
Ned att tok vi stien, men det skal vi ikkje gjere meir. Bratt og glatt og farleg for oss.

I går var vi på tur til marknaden i Puerto Mogan.
Mykje flotte blomster langs veggane.


Vi har vore på besøk hos Jorunn og Håkon. Dei bur fint nede ved hamna. Vi åt middag i lag på ein restaurant der. Nils og kona frå Austefjorden var og i lag med oss.
Her er varmt og godt, rundt 25 gr.
Dagane går fort. I dag kjem onkel Pål.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ser at de lever sosialt der nede også. Puerto Mogan trur eg må vere den vakraste staden i verda- ja, i alle fall av dei stadane eg har vore. Men eg trudde aldri eg skulle kome levande frå bussturen frå Playa del Cura og til Mogan. Her har vi fått mykje tung snø i dag. Nils tok først fresaren, men gjekk over til å bruke handemakt, det var mindre tungt, meinte han. Akkurat no er det fint ute, og om sola får sleppe til, har vi den nesten heile dagen no. Kos dokke i varmen.

Annfrid sa...

Hei,i Ulsteinvik er det 3plussgrader i dag og siste natt kom det 10 cm med snø.Per har måka litt smø av bilen min og av parkeringsplassen.Han har sin bil i garasja.På føremiddagen passa vi Emil Olav som no stabbar rundt og undersøker alt på sin veg.Må helse til slekta.

Bjørg sa...

Takk til Olaug og Annfrid for kommentarar. Skal helse frå Hans.