søndag 13. januar 2013

Genserprosjektet fullført.


I dag vart Eili sin genser ferdig, den sjuande,
Då Asle plutseleg ringde fredag om at han ville komme på besøk, vart det fortgang i strikkinga.
Vi var i Sverige på handletur laurdag.
Eg strikka i bilen begge vegar.
Og i dag, sundag monterte eg, vart ferdig før kyrkjetid.
Så no kjem eg vel til å sakne strikkearbeidet. Må finne på noko.
I dag har eg laga middag, først til Dag, Asle og oss sjølve.
Så kom Elin og jentene i halv sjutida og fekk middag. Dei kom rett frå Oslo der dei har vore på shopping og i museum sidan fredag.
Elin skal vere mykje vekke komande veke, så er vel difor dei reiser på tur i lag.

2 kommentarer:

Besta sa...

Gratulerer med ferdig prosjekt. Jammen har du vore flittig! Her går det framleis i lestar , har strikka snart 6 par sidan jul. Men eg har ei skulder som trøblar viss eg blir for ivrig. Skal strikke ein genser, men ventar på mønster.

Annfrid sa...

Hei,du monterte siste gensar før kyrkjetid.Ja,vi var oppdregne til ikkje å gjere slikt arbeid på søndagar.Eg lever ikkje etter den regelen lenger,men Per held på den.Dagane no går til litt husarbeid,pianospel,litteratur,litt frustrerande data på nye maskina og barnepass.Men Bjørg,har du ikkje skrive på bloggen din sidan 13.jan?