mandag 24. desember 2012

Skjeltesundag


Vi hadde besøk sundag ei veke før jul
av Oda som studerer medisin i Trondheim.
Kjekt at nokon i familien tek over no Hans ikkje
har lisens lenger. Dei diskuterer mykje dei to no.

På menyen var sauehaue. Ikkje det beste Oda veit,
men med litt pølser m.m., gjekk det greitt.
Skjeltesundag er vel eigentleg den siste sundagen før jul. Då hadde vi alltid sauehaue heime. Men i år vart den sundagen veslejulafta, og då er det ein annan tradisjon i familien. Då er det fondue.


1 kommentar:

Besta sa...

Det året eg budde på ein gard i Sunnfjord smakte eg saudehaud for første gong, og tykte det var kjempegodt. Seinare har vi prøvd å kjøpe på butikk, men det var noko heilt anna.