torsdag 1. november 2012

I hole og hage



I går hadde vi tur nordover på øya til Cueva de los Verdes. Vi gjekk ned under jorda og minst to kilometer i den vulkanske undergrunnen. Somme stader høgt under taket som ein katedral. Andre plassar smalt og trongt så vi måtte bøye oss. Trapper opp og ned.
Der var konsertsal og der skulle vere god akustikk, fortalde gaiden.
I sjøen spegla taket seg, så det såg ut som ein avgrunn djupt.
Lyskjelder i mange fargar skapte trolsk stemning.



 Store åkrar med kaktus. Dei dyrkar den for å få raudfarge frå coshinillelusa som lever på kaktusen. Lusa bur inni kvite dottar. Eg tok ei og knekte i handa. Det vart ganske mykje raudfarge.





Kaktushagen Jardin de Caktus ligg midt i kaktuslandskapet.  Det er lanzarotekunstnaren Cesar Manrique som har skapt parken. Der skal vere meir enn 10 000 kaktus.
Vi gjekk rundt der ei lang stund og såg på dei artige vekstane.
Vi var og opp i den gamle mølla på toppen av knausen.
Og vi hadde oss ein baguett og kaffi i kafeen.

1 kommentar:

Elin sa...

I Larvik er det vind, blest og 7 grader. Kos dykk i sola :. Elin