mandag 6. august 2012

Bror Arne feirer 70 år



Feiringa var i skulen/grendahuset i Steinhovden.
70 gjester, slekt og vener.
Ein artig programpost var avduking av ei statue.
For nokre år sidan fann Arne ei diger trerot
flytande i sjøen. Han tok vare på den, og etterkvart
fekk han forma den til ein skapning.


Svigerson Rune heldt avdukingstalen.


Så blei skapningen avslørt.
Om den er pen, kan vel diskuterast,
men heilt klart eit kunstverk!
Kvar den skal plasserast er visst endå ikkje
bestemt.



Huset som Arne har bygt er no ferdig.
Det vart teke i bruk av gjestane frå Dombås.
Alle fekk sjå inn.
Det er lyst og fint inne, fint bad, stove med kjøkken, soverom, vaskerom og stor hems.


Programmet vart dyktig gjennomført av barna Bjarte, Janne, Frode og Kjell Arne.

                                             Syskena Solrunn, Bjørg, Arne, Magdalena og Ottar.




Ektemake Gunn stod nok også bak mykje av planlegginga  av arrangementet.
Kirsten og Susanne.
Susanne var serveringsdame saman med Ruth.


Koseleg å sjå huset på Plassen med Aslaug på verandaen. Der budde ein gong besteforeldra mine.

Jorid og Magna ved porten.

Kusinene Aslaug og Solveig
og syster Magdalena.


Eit overdådig matbord. Kaldmat og varm mat,
rømmegraut og dessert.
Seinare kakebord med mykje gode saker.


Flinke Eline song til farfar.

2 kommentarer:

Gunn Edel sa...

du er flink , Bjørg.

Bjørg sa...

Takk, Gunn! Du og.