mandag 30. januar 2012

Besøk frå Arendal

Sundagstur til Seilerhytta. Overskya og grått ver. 4 - 5 minusgrader.
Vi har ikkje fått meir snø siste veka.
Asle og Jonas kom på besøk til oss på fredag.
Laurdag køyrde vi tur til Sverige med den nye bilen.
Det var fullt av folk på ferja frå Sandefjord til Strømstad. Ein annan gong
reiser vi nok ein dag elles i veka. To timar gjekk likevel bra fort.
Tilbake køyrde vi over Moss - Horten.
Der er store matvarebutikkar der borte og mykje god og rimeleg mat,
så det blei til at vi handla litt
sjølv om vi ikkje hadde så store planer om det.
Det var interessant å sjå butikkane vi har høyrt om. Vi rakk berre over nokre få,
så det blir vel fleire turar.

Om fredagen laga eg aniskringler etter Annfrid si oppskrift. Dei er populære.

1 kommentar:

Besta sa...

Ein kan ta mange turar med Larvik som utgangspunkt. Rasmus +fam tek relativt ofte ferja frå Larvik til Strømstad. Vi har reist mange gonger frå Horten til Moss. Likar å handle kjøt i Sverige. Dei har betre utval enn vi er vant med, og så er det billegare. Ser at de ofte har besøk av barn og barnebarn. Kjekt å ha dei nærmare kan eg tenkje meg. Vi har lite snø i år, kunne gjerne vore meir, men ikkkje fullt så mykje som i fjor.