torsdag 8. desember 2011

Kunst

I Larvik er ein stor ballettskule. Sunniva går der. No hadde dei juleoppvisning i den store salen i kulturhuset Bølgen. Der er plass til 550 tilskodarar. Og då måtte vi vere der og sjå på det. Veldig flott! Det var full sal to kveldar. Og på scena var det nye grupper med dansarar andre dagen. Imponerande mange!

I dag tidleg fann eg denne "kunsten" på vindaugo i garasjen, Det forsvant etter eit par timar.

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi er på ballettframsyning fleire gonger i året her i Ørsta, sidan begge jentene til Margrete dansar.
Ser at de har mykje å vere engasjert i.Det er bra. Den kunsten på garasjevindua vart eg litt nysgjerrig på....?

Bjørg sa...

Det var berre isroser. Dei forsvant så snart dagen kom. Eg var ute etter avisa i åttetida.