onsdag 28. desember 2011

Juleselskap andre juledag

Sidan alle barn og barnebarn var samla, heldt Elin og Dag juleselskap.
Her er alt straks klart.
Vi er 18 i familien. Litt utpå kvelden kom ei familie til innom. Dei var fire, så då blei det 22.
Elin og Dag har stort hus, så det gjekk greitt.

Kari laga til desserten som er ymse sortar bær frå frysaren.
Med krem og vaniljesaus smakte det friskt og godt.

Tore deler opp den eine kalkunen. Vi hadde to på 7 kg kvar.
Det vart litt til overs, men delt på to husstandar, vart det overkommeleg.

Fruktkake laga etter oppskrift frå Lillian på Island.
Den er kjempegod. I år hadde eg stikkelsbærgele i staden for jus på den.
Då hang ho betre saman.

Juletreet som vart henta i skogen siste sundag før jul.
Det er ganske smalt og veldig fint.
Så var og skogmannen Jens med og tok det ut.

Ungdomane likar å prate saman. Her er dei på Johanne sitt rom.
Og dei kosar seg med spel.


Jakob er blitt flink med gitaren.
Kjekt å høyre på!

2 kommentarer:

Annfrid sa...

Hei,har du verkeleg ei oppskrift av ei kake som du fekk av Lillian då vi var der? Det må eg fortelje henne.Andre juledag var det Dagny og Oddmund som laga til familiejuleselskapet.Vi starta kl.15 med koldtbord og 22vaksne og små og større born.Seinare var det kaffimat og dessertar.Det bles så grusomt opp då vi skulle heim.Eg var livredd.Vi stod 1,5time i Sulesund på grunn av tekniske problem og innstilt A-ferge.Vi kom heim til iskaldt hus utan straum.Per fyrte opp i omnen,men eg gjekk rett til senga med bytte framføre meg.Sjøsjuk neste dag og. og.

Besta sa...

Ser at de har mykje besøk av barn og barnebarn. Kjekt det, no når de er nærmare kvarandre enn før.
Vi ønske dokke alle eit godt nytt år. Ingen veit kva det nye året vil bringe, og godt er det.Men vi kan håpe og ønske det beste.
Helsing frå Nils og meg.