torsdag 8. september 2011

På pizzarestaurant


Sist laurdag kveld var vi saman på pizzarestaurant i Larvik sentrum.
Alle fire besteforeldra var med.
Gode pizzaer og hyggjeleg selskap!
Og ikkje minst lettvindt for Elin og Sunniva som var klar til å reise
til Frankrike neste dag. Dei er på ei vekes ridetur i Loiredalen denne veka.
Johanne ser fram til at når ho er konfirmant, er det hennar tur å komme på ein liknande tur.

2 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt å ete pizza på restaurant! Det brukar vi å gjere relativt ofte. Sikkert godt for Elin å ha "bestemora" i bakhand når ho sjølv skal vekk. Du er nok til stor nytte og glede for familien.

Bjørg sa...

Ja, i går var det raspeballmiddag hos oss, og på tysdag var det steikt sei frå Leikong.
Den andre bestemora laga kjøtkaker på måndag og fiskegrateng på onsdag. På den måten får vi besøk og får prate med dei. Og det er kjekt.