søndag 18. september 2011

Dugnad og kaffilatte.

På laurdag hadde vi to polske arbeidarar som kutta eit hjørne av verandaen.
Det vart mykje opnare og betre utfor garasjen.
At der var så trangt, kom nok av at vi hadde flytta garasjen lenger bak
No skal vi snart til med steinlegging på uteområdet.
Og så står det føre å male huset. Det er no berre grunna.


På laurdag frå klokka ni til elleve var det dugnad på Rekkevikløkka. Bra ver.
Vi hadde fått brev med innkalling frå styret i velforeininga.
På fellesområdet skulle gjerast kantslått, lukast rundt leikeapparata og rakast.
Det var flest menn som stilte opp, men nokre damer og.
Der stod ingenting om kaffi i innkallinga, så eg steikte nokre sveler og kokte kaffi og hadde med.
Svelene fall i god smak, og det blei ei hyggjeleg kaffistund etter dugnaden.
Kjekt å treffe naboane. Det er flest unge folk, men og nokre eldre. Vi er kanskje dei eldste.
Hans stilte med tilhengaren og køyrde til søppelplassen (Grinda) med hageavfallet.
Etterpå kalla vi inn Elin og jentene, besteveninna til Inga og, for å ete opp resten av svelene.
Dag jobba i båten.


I dag sundag, har vi vore i kyrkja til høgmesse. Der var eitt barn til dåpen. Ein gut som heiter Linus. Det har regna heile dagen. Sunniva og Johanne kom hit for å gjere skulearbeid. Heime hos dei var det for uroleg, for der var det rydding og utskifting av sommar-, vinterty og ditto sengety. Så dermed fekk vi to gjestar til middag. Kjekt! Til kaffi hadde vi invitert dei andre besteforeldra. Sunniva laga kaffelatte til oss, med karamellsmak. Eg er ikkje så god på slikt, så greitt å få det servert.

1 kommentar:

Besta sa...

De lever eit sosialt liv der nede også, slik som eg trudde de ville. Vil ein bli kjent med folk, må ein gjere noko sjølve også. Men det er sikkert kjekt at Elin og familie er så nær.
Vi ventar Rasmus og fam.hit i haustferien, elles har vi hatt mykje å gjere i pensjonistlaget no etter oppstarten etter ferien. Har de Møre-Nytt ?