fredag 20. mai 2011

Hus til sals i Ørsta



I dag vart huset vårt lagt ut for sal på internett, Finn.no Eiendom.
Det kjennest litt rart å sjå det. Vi har har hatt eit godt liv i Ørsta.
Likevel er det kjekt å sjå framover og glede seg til nytt hus nærare barn og barnebarn.
Overtaking av det nye huset i Larvik skal vere neste fredag, den 27. mai.
Så er det visning her i Ørsta den 30. mai. Inni mellom pakkar vi.
I dag fekk eg ordna litt i hagen. Svallerkålen veks om det er sal eller ikkje.
Det skal bli godt å få mindre hage!

Sundagsfrukost i Ørsta. Hans fekk blomster av Åse Margrethe Leite for at han redda ho frå regnet på 17. mai då ho heldt talen ved bautaen.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Ja,det var vemodig å sjå rom for rom i huset dykkar på nettet for sal.Vi kjem til å sakne dykk.Har hatt mange koselege ykter i Ørsta,og det har vore koseleg å få besøk av dykk i Bugarden.Vi ynskjer dykk lukke til i nytt hus i Larvik.