fredag 21. januar 2011

Bøker til Gjenbruk

Her er Grimberg: Menneskenes liv og historie i 22 bind kome ned frå bokhylla
og er på veg til Gjenbruk.Der tek dei mot alt.

Julepynten er komen i flyttekassar og skal vere med til Larvik.
Ei kasse inneheld og noko gamle papir, så vi ikkje skal vere historielause.

Desse sakene skal til Gjenbruk.
Vi har og levert eit skoskap og eit anna skap i dag. Så "løp og kjøp".

2 kommentarer:

Besta sa...

Det kan ikkje vere lett å sortere og bestemme seg for kva ein skal ta med. Ein gjer vel den feilen at ein skaffar seg for mykje.Bøker og oppslagsverk har ikkje same funksjon etter at ein fekk Internett. Eg har prøvd å gi bort til barn og barnebarn det som dei har interesse av etter kvart, så vi har ikkje så mykje bøker lenger.
Synd du ikkje kom på pensjonisttreffet, men håper du er frisk no.

Bjørg sa...

Takk, eg er nesten bra att no. Men Hans har fått det same og hostar og er ikkje i form.
Håper han er bra til vi skal køyre til Sola neste torsdag. Og håper veret betrar seg på Kanariøyane.