søndag 3. oktober 2010

Rundt ein stor plass ligg fleire kyrkjer. Det var i ei at tsaren vart døypt,
i ei at han vart krynt, i ei vart han gift og i ei vart han gravlagd.
Flott med gull på kuplane.

Tsarklokka vart støypt i eit stort hol i jorda.
Men ho sprakk då dei skulle få henne opp.
Så ho har berre gjort teneste som turistattraksjon.

Og kanonen har aldri vore brukt. Kulene var visst for tunge.
Dei passa visst heller ikkje i løpet.
Men flott å sjå på er den jo.

2 kommentarer:

Besta sa...

Litt av ei oppleving å få sjå Moskva ! Kjekt med guida turar der det er mykje å sjå.Er de komne heim no?

Bjørg sa...

Vi kom heim torsdag 30.sept.
No er vi heime framover og får mykje besøk i haustferievekene.