fredag 21. august 2009

Plommehaust






























I dag har vi plukka plommer, cirka halvparten av dei som er på opaltreet. Det gav 15 liter plommesyltety pluss 9 boksar med plommer i sukkerlake til dessert. Desserten går i frysaren.
Det blir vel å fortsette etter helga. Tre bøtter vart ikkje sylta i dag. Og meir må vel plukkast.
For første gong er det ganske mykje på reine claude-treet og. Viktoriaplommene blir modne seinare. Ein må spørje seg: Kven skal ete alt?

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi har også kjempemykje plommer, men dei som vi har plukka hittil er ikkje fine, så eg har hatt mykje arbeid med reinskinga. Vi har sylta både Opal og Rivers Early. Men så reinsar eg og frys det vi ikkje treng, det får Solveig. Vi har også Victoria og Althans, som ikkje er modne enno. Opal-plommene var ikkje så fine som dei plar vere; der var for mykje på trea.

Bjørg sa...

Ja, vi har same problemet. Neste år må vi tynne. Då blir plommene truleg større og. Hans vil og kutte greiner, så han slepp så mykje klatring.