fredag 17. juli 2009

Kams















I dag har eg laga kams. Han vart heilt vellukka. Sist eg prøvde, for nokre dagar sidan, vart det fullstendig miss, berre ei suppe. Trur det var noko gale med mjølet. Eg brukte noko gammalt grynmjøl. No laga eg av kveitemjøl etter oppskrift frå svigermor. Det var av henne eg lærde å lage kams. Kams er ein mjøltjuv, sa ho. Og mykje mjøl hadde eg i pluss kulturmjølk og litt sirup.


2 kommentarer:

Gunn sa...

Hei Bjørg. kams er godt, og det er lenge sidan eg laga det. fekk oppskrift av Magna Steinhovden si kusine frå Sunnmøre. Ho laga dei med grov kveite, og det smakte godt.

Bjørg sa...

Grov kveite har eg ikkje prøvd.
Det kan eg prøve. Vi fiskar nesten kvar dag på hytta. Der er så mykje sei ein vil ha. Tysdag kveld kom Kari med familie. Elinfam. kjem måndag og Aslefam neste onsdag. Så vi må fiske for å halde dei med mat.