søndag 19. april 2009

Vårarbeid på hytta.
















Laurdag var ein fin dag for vårarbeid. Vi var på hytta frå fredag til sundag og fekk raka og rydda. Eg laga ein liten kjøkenhage. Der har eg sådd frø som eg har fått av Dulka. Ho har hatt dei med frå Montenegro. Det er graskar og spinat. Spennande om det kjem noko opp!
Elles har eg sådd sukkerert, blomkarse og plukksalat. Skal så noko i Ørsta og.
Så har vi planta 4 syrinstiklingar, teke av den syrinen vi har i Ørsta. Alt har fått vatn og gjødsel.
Vi jobba ute heile dagen, så då kvelden kom, var vi ganske gåen. Sundag var kviledag. Etter preika som vi høyrde i radio ute i solveggen, gjekk vi tur til Buaneset og såg på alle dei nye
feriebustadane.

1 kommentar:

Anonym sa...

Så fint det blir! kjekt å sjå bilder frå påska. Elin