torsdag 5. februar 2009

På Folkehøgskulen

I går kveld var vi på Folkehøgskulen og høyrde på redaktøren i Vagabond som snakka om å reise.
Skal ein forstå kulturen i landet der ein reiser, er det ikkje nok å lese reisebøker, sa han. Då må ein lese skjønnlitteratur frå landet. Og så må ein komme i kontakt med dei som bur der og snakke med dei. Han heldt på ein heil time, og det var interessant!
Mange hadde møtt fram, og det var kjekt å møte folk vi har reist saman med på skulen sine turar.
Kaffi og kaker var å få kjøpt.
Vi fekk og ein gjennomgang av tilboda Møre Folkehøgskule har dette året.
Kanskje "Eventyrlege Kapadokia og magiske Istanbul" i oktober kunne vere aktuelt?

3 kommentarer:

Besta sa...

Les bloggen din kvar dag, og kosar meg med det. Slike reiser du skriv om kan eg dessverre ikkje ta del i, så eg får nøye meg med TV.Elles lurer eg på kvar du har funne den lure "Omsetjaren" din og korleis du har fått han inn på bloggen.

Besta sa...

Eg kunne godt tenkt meg ein tur til Barcelona etter å ha lese dei tre store Barcelonabøkene som har kome ut dei siste åra:Vindens skygge, Engelens spill og Havets katedral.

Bjørg sa...

Den oversettaren finst ein plass der du fann klokka di. Det er ein gedget. Men det var nevøen min som la det inn til meg. Du har sikkert ein ekspert i familien.
Elles synest eg Barcelona er ein kjekk plass å reise til. Dei held på med ei kyrkje der. Skulle vore og sett kor det går.