Tur til Amadorestranda og innover i dalen
søndag 25. januar 2015
Belgiske vafler
Hans har investert i eit jern for belgiske vafler. Det skal vere Inga sitt.
I dag har vi teke det i bruk og funne ei oppskrift på nettet, Der er mange. Så vi kan prøve ei ny neste gong. Denne oppskrifta var med gjær. Kakene blei tjukke og litt mjuke.
Ganske gode.
Til dei som ser ei vinflaske i biletet kan eg forklare at den vann eg på utlodninga vi har på Stamina (trening) kvar onsdag.
Den er alkoholfri. Ventar på ein god anledning.
Vi inviterte bestemor Rigmor og bestefar Jens, men berre bestefar kom. Vi kosa oss skikkeleg med kaffi, te og vafler.
Sundagstur til Eikedalshytta
Vi held fram med å gjere oss kjende med turmåla i området vårt.
Eikedalshytta er og ei turistforeningshytte.
Der er og kiosk med kaffi, vafler og meir.
Folk tek matpausen ute eller inne.
Vegen hit var fint brøyta, men nokså glatt. Veret var stilt og fint med sol. Nokre få
kuldegrader. Og ikkje langt å gå.
Det går ei skiløype dit, og den er 3,8 km. Vegen vi gjekk var kortare.
søndag 18. januar 2015
Tur til Lauvesetra
I dag har vi gått turen til Lauvesetra. Det er ein lang tur, 4 km kvar veg frå parkeringsplassen.
Men vegen er fin. Litt motbakkar er det,
men med roleg tempo gjekk det greit på ein god time opp og litt mindre ned att.
Her er Lauvesetra, ei hytte med mange frivillege som har kaffi og vafler klar til dei som kjem innom.
Vi hadde termos med kaffi og brødskiver med.
Tok rast i sola ute.
Så kom Elin, Johanne og Inga også.
Då sat vi ei stund inne i hytta. Der var bål på peisen og varmt og godt. Vi fekk kjøpt kakao, men vaflene var det slutt på. så det blei kvikklunsj til.
Juleselskap hos Jenny
Sist torsdag var heile Fredriksons Fabrikk inviterte til Jenny 93 år. Ho sit for bordenden.
Mykje restar av alle sju sortar, minst. Og fruktfat og is. Jenny hadde ikkje bakt sjølv, men kjøpt og fått. No trong ho hjelp til å få slutt på julekakene. Og vi gjorde vårt beste.
Det var ei triveleg stund!
mandag 15. desember 2014
Fredriksons fabrikk
Sist torsdag hadde vi evalueringsmøte etter Julemessa.
Vi fekk inn over 30000, og det er betre enn i fjor.
Her er den "harde kjerne" som evaluerer.
Vi er til vanleg 10 i foreininga.
Vi skal ha vårmesse i mars.
Av det innkomne går halvparten til arbeid i kyrkjelyden og den andre halvparten til barneheimen Akanisoa på Madagaskar.
Vi fekk inn over 30000, og det er betre enn i fjor.
Her er den "harde kjerne" som evaluerer.
Vi er til vanleg 10 i foreininga.
Vi skal ha vårmesse i mars.
Av det innkomne går halvparten til arbeid i kyrkjelyden og den andre halvparten til barneheimen Akanisoa på Madagaskar.
Førjulstid
Måndag 8. des.hadde vi tenning av julegrana her på Rekkevikløkka.
Små og store møtte opp. Veldig mange små.
Det var servering av gløgg og julekaker.
Og vi gjekk rundt juletreet og song Jeg er så glad hverjulekveld, Jeg gikk meg over sjø og land...,
og På låven sitter nissen....
Og nissen kom også på besøk. Veldig populært!
Hans har pynta med lys på verandaen og hekken.
Sist helg hadde vi besøk av Asle, Jakob og Jonas. Her er vi i julejata i Larvik sentrum.
Trea var pynta med lys. Det var sundag, så nokså stille i sentrum. Og veret var surt.
søndag 23. november 2014
Strikk og salmebok
Inga, Mina og Frida er blitt så ivrige med strikking.
Her strikkar dei panneband etter dei er ferdige med leksene.
Det var sist tysdag.
I går vart Inga ferdig med pannebandet sitt. Ho strikkar veldig jamt og fint. Det er det første plagget ho har strikka.
Eg har investert i salmebok.
Og er no klar for salmemaraton.
lørdag 15. november 2014
Førebuing til julemesse
No er vi i innspurten til julemessa. Til inntekt for Norsk Misjonsselskap sin barneheim på Madagaskar.
Fredriksons fabrikk går for fullt.
Vi møtest kvar tordag denne månaden. Elles er det annakvar veke. Her er eitt av lappeteppa,
Eg har laga tova tøfler og pulsvarmarar.
Larvikvotten er komponert og strikka av
Karin. Ho har vore lærar på vidaregåande i
forming.
Motivet er bøketre ogbøkeblad.
I går og i dag har vi selt lodd på Blinken. Det er nærbutikken vår.
Her er eg og Berit D.
Vi hadde to skift for dag.
I går frå kl. 12 til 15 og 15 til 18.
I dag frå kl. 10 til 13 og
13 til 16.
Eg laga dette antrekket til dokka. Karin laga skidress
og Berit F laga buksedrakt.
Julemessa skal vere laurdag den 29. november.
onsdag 29. oktober 2014
Vårrullar på Sola
Mathias hadde lært å lage vårrullar av tanta si på Karmøya.
Hans og eg var på besøk på Sola. Då blei det vårrullar til middag.
Kari laga til fyllet av kjøtdeig m.m.
Ein pakke innkjøpte risark vart opna.
Det var litt arbeid, men gjekk greit då vi var mange til å lage.
Fyllet vart rulla inn i risarket.
Og det vart mange rullar.
Så vart rullane kokte i olje. Det tok litt tid.
Og god middag vart det.
Nesten alle rullane vart fortært.
Og godt smakte det.
Med salat og ris til.
Astrid, Tore i døra, Helene og Kari.
Bjørg, Hans og Mathias.
Abonner på:
Innlegg (Atom)









