onsdag 18. februar 2009

Pensjonisttreff


Også i år vart vi pensjonistane innbodne til treff på Velle skule. Det vart ei koseleg samling på lærarrommet, som vanleg fint pynta og med god mat, tillaga av dei kollegaene våre som framleis jobbar der. Stor takk til dykk!!
Vi set stor pris på å samlast. Nokre sa at " når vi ser desse ansikta rundt oss , er det som vi er her igjen og har friminutt, berre ventar på at skuleklokka skal ringje".
Sjølvsagt fekk vi omvisning i det nye tilbygget. Vi vart imponerte! Rektor viste oss rundt. Vi tok heis frå kjellar til loft.

Her ser vi det nye samlingsrommet. Her er ikkje problem å få plass til 300 elevar og tilsette
på kvar sin stol. Songstund her er noko heilt anna enn det var i storklasserommet før.
No har dei ikkje berre songstund, men og dansestund. Det er nok eit syn å sjå alle 250 elevane utfolde seg med danseglede når dei kjem saman etter å ha øvt inn dansane klassevis.















Vi syntest klassereglane var gode, særleg nr.5. Her er vi på det nye skulekjøkkenet.
Her var sløydsalen før. Dette er topp moderne.














Her prøver vi dei nye pultane. Mellom to pultar er eit felles skap. Veldig praktisk, synest vi.

Reidun rektor viser oss "smarttavla" som førebels er den
einaste i sitt slag i ørstaskulen. Ho er digital og kan brukast
på svært mange måtar.

Tavla står i eit hjørne av det nye mediateket som er eit stort rom. Her skal vere datamaskiner og fagbøker.

Mange flotte, nye klasserom har dei og fått.

Gratulerer med flott skule!

søndag 15. februar 2009

Boknafisk til middag















Så kom den bebuda boknafisken på bordet. Med ribbefeitt, raspa gulrot og poteter. Nydeleg!

Mamma kom heim att















Mamma Ingunn er på korsamling og -konsert i helga.

Bursdag for tante Turid.
















Vertinna fekk eit sjal, strikka av Bjørg. Og tante Turid som har bursdag 17. fekk mange gåver.
Her med isskrape til bilen.

God mat




























Vi fekk mykje god mat. Torskehaud og kams om fredagskvelden då vi kom. Laurdag var det julemiddag eller " spikjekjøt", som Magne sa. Og i dag, sundag skal det vere boknafisk med ribbefeitt. Slikt hadde ikkje gått bra i lengda. Til kvelds serverte Kirsti kabaret.

Vår gamle campingvogn.















Den første campingvogna vi eigde, står her bak huset til Kirsti og Magne.
No lurer Hans på om han skal ta og pusse ho opp.
Kirsti vil betale for å få ho vekk.

Utegangarsauene til Magne
















Vi gjekk tur bort til Jordmorgarden. Der såg vi sauene som går ute.
Det snøa tett. 40 cm snø på Lepsøya er uvanleg.

På besøk i helga.















Vi er på besøk hos Kirsti og Magne.
Dei er blitt store Mari, Andreas og Synne.
Laurdag til middag var alle hos Kirsti.

torsdag 12. februar 2009

Kaffibesøk








I ettermiddag hadde vi besøk av Arnhild og Arne.
Dei hadde med to barnebarn, tvillingar 5år.
Det var livlege karar,
men då barne tv begynte,
vart det stilt.